Sylvi er ei kreativ dame som er mamma til mi venninne og venninne med min mamma. Og ho passa meg då eg var lita. 🙂 Før jul designa ho forkle som ho lurte på om eg kunne hjelpe ho med å sy. Eit artig prosjekt som gav meg inspirasjon til vidare forkleproduksjon. Her er to av dei eg hjalp ho med:

Biletene laga vi ved å printe dei ut på overføringspapir og stryke det fast. Kjempekoseleg bilete av eit spaghettietande par. 🙂

Herreforkle med lomme.

Sjølv laga eg eit til Irene, utan bilete, men med stempelhjarte istaden:

Eg var spesielt nøgd med stoffet til denne lomma som eg laga av sjokolade-stempelet mitt; «Noen sier at lykke ikke kan kjøpes for penger. De har ikke smakt sjokolade». Eg elskar sjokolade, og det gjer Irene òg!

 

Advertisements