Eg har jammen vore sløv med blogging i heile desember. (Heile hausten kanskje?) Før jul var det jo julegaveproduksjon og det kan ikkje bloggast om før etter jul. Etter jul var vi utan straum. Og enda lenger utan nett.  No er alt på stell og klart til å legge ut nokre av årets heimelaga julegåver:

Hals til Bente strikka i den fanstastiske kombinasjonen Faerytale+Tynn Alpakka. Eg la vel opp rundt 200 masker og strikka rundt og rundt på pinne 7(?) til den var passe stor. På fyrste omgangen la eg inn ein «vri» slik at den alltid har ein twist. (Ein slik vri som du ikkje vil ha når du startar på t.d. ein gensar).

Tøfler til Irene. Eg elskar desse tøflene! Oppskrifta er, som før, frå FrenchPressKnits. Eg har stadig vekk planar om å fylle opp gjestekorga med slike tøfler, men får alltid lyst å gi dei vekk istaden. Ein vakker dag…

Dette var ikkje julegave, men eg følte at mini-Kine si lue fortjente eit betre bilete enn det forrige som eg tok med mobilen. Eg har lenge lurt på å strikke «djevelluene» med litt mønster på, og no fekk eg endeleg testa det ut. Det var faktisk ingen dum ide!

I og med at den fyrste lua vart veldig lita strikka eg ei til i ein litt større størrelse.

Eg har også strikka selbuvottar i julegave, men dei gløymde eg å knipse. Det var samme som du kan sjå i dette innlegget frå tidlegare: «Selbuvottar frå selbuvotteboka, NHM 9», berre at eg denne gongen bytta ut blå med grå.

Eg har også sydd forkle, men dei kjem i eit eige innlegg.

Takk til alle tolmodige sjeler som heng med her sjølv om det har vore dårleg med oppdateringar!

 

Advertisements