I helga har eg strikka tjukkelesta til Theodor. No er vinteren like rundt hjørnet, og Theodor har vokst ut av dei fleste sokkane frå i fjor .

Det gjekk med heilt nøyaktig eitt nøste Ragg Soft frå Gjestal. Veldig mjukt og deilig garn med god spenst. Det viser kanskje ikkje heilt på biletet, men det er ribbestrikk med 2r,2vr øverst. Hælen har eg strikka ved å dele maskeantalet på to, strikke til det står ei maske att, snu, strikke til ei maske står att, snu, så innover til det stod att 6 masker på midten. Deretter ei maske meir for kvar omgang på veg ut att. Syns det er ein ganske grei måte å strikke hæl på, spesielt fordi ein då slepp å plukke opp masker.

Frode Frosk stiller gjerne som modell når tjukkelesteeigaren er i seng.

Oppskrift frå eige hovud

Strømpepinnar nr 3,5

Garn: Ragg Soft frå Gjestal (anbefalast!)

Advertisements