Eg har strikka to luer etter oppskrift frå Pickles i ekte hjallisfargar. Eg brukte Sterk-garnet til Du Store Alpakka, som ikkje stemde overens med det opprinnelege garnet i det heile. Eg tok ein sjans og håpte at «str 5-12mnd» skulle verte passeleg til vesle Sverre på 4 mnd, men der bomma eg grovt og den vart i størrelse nyfødt.

Slik ser den ut oppå. Mønsteret er artig og litt annleis å strikke, då du startar i enden av den eine snora og avsluttar i enden av den hi. Dei er lure dei der Picklesjentene.

I og med at den andre vart so lita strikka eg ei til, denne i størrelse Sverre+. Passforma vart ikkje like bra som «djevelluene», men det skal no og noko til. Satsar på at Sverre fyller den ut etterkvart.

 

Advertisements