Mamma fylte 50 i september og er no heldig eigar av eit utruleg varmt og godt alpakkateppe. Eg strikka eit brunt eit til meg sjølv for nokre år sidan og det er heilt fantastisk!

Teppet er strikka med ein tråd Tynn alpakka og ein tråd Faerytale. Mønsteret er frå ei bok som heiter «Strikk – en reise til indre ro». Det er lett og luftig og du blir varm på ein blunk.

Eg brukte omtrent 2 månader på å strikke det(og fødte ein unge i mellomtida;) ). Sjølv om det må vere 4-5 år sidan eg strikka det til meg sjølv hadde eg nesten mønsteret i hovudet. Då går det litt raskare enn om ein må sjekke mønsteret heile tida.

Eit herleg haustprosjekt å halde på med(ikkje like ideelt høggravid i juli..). Bambuspinnar, det fine mønsteret og dei fantastiske garnkvalitetane er som balsam for sjela ein kald haustkveld.

Advertisements