Det vert ikkje mykje handarbeid om dagane. Vi har kjøpt hus og held på å pusse opp og flytte inn. All ledig tid går til det og det vesle eg har til overs av hobbytid går til eit gaveprosjekt eg held på med. Men eg har no litt småplukk her som eg har laga etter at Jonathan kom til verda:

Strikkepinneetui til fine Silje som hadde bursdag i august. Hurra! 🙂

Eg og Theodor har sydd ei ugle etter mønster som vi teikna sjølve. Theodor syns det var stas å få trykke på start/stopp og trådkutter på nyemaskina. Dette er altso uglepappa. Resten av uglefamilien skal vi sy når vi har fått på plass syrom i nyehuset.

Og so eit par in-action bilete av dei fine gutane mine:

Advertisements