Etter mange kveldar med ein halvtime her og ein halvtime der og ein halv dag med flink sovebaby har eg endeleg fått sydd ferdig ein meitai på den nye symaskina mi (Smarter by Pfaff 1100 Pro). Ein ting er sikkert: Den gamle symaskina mi hadde aldri i verda gått med på å sy igjennom alle dei laga her. Eg klarte å knekke to nåler undervegs, men det har meir med meg å gjere enn med maskina.. Cord i fleire lag er hardt å sy igjennom!

Stroppane har to lag platevatt inni, bærestykket og hetta eitt lag. I tillegg har bærestykket eitt lag med eit anna sterkt stoff innanfor trollestoffet for å gjere den stødig og god.

Med sovehetta oppe. Den har trykknappar og kan lett kneppast av og på. Snorene skal også ha trykknappar slik at den lett kan festast i skulderstroppane, men eg hadde ikkje fleire knappar igjen. Inntil vidare går det fint å knyte.

Nærbilete av hetta. Eg syns trollestoffet var kjempesøtt! Trur eg har kjøpt det på Panduro og eg hadde berre eit lite stykke som akkurat(!) gjekk å sy meitai av.

In action! Jonathan godkjende den med å sovne ganske kjapt. Theodor har fått prøve å sitte i den på ryggen og den fungerar fint til bæring av nesten-3-åring og. Men nesten-3-åringar treng ikkje sitte i sele for dei går sjølv eller fyk ifrå mamma med sparkesykkel. 😉

ZZZzzzzzz…

Om nokon vart inspirerte er mønsteret frå Stoff og Stil, men det fins gode forklaringar og tips på tettinntil.no

Takk til Silje for at eg slapp å teikne og klippe ut mønsteret sjølv! 🙂

Advertisements