Theodor har fått seg ny strikkajakke med elefantar på. Mønsteret er frå Marte Helgetun; «Jakke med fargeglade knapper«.

I følge oppskrifta skulle det strikkast med Mirasol, men eg strikka med Sterk istaden(begge frå Du Store Alpakka). Det eg då ikkje tenkte på var at Mirasol antakeleg har fleire løpemeter enn Sterk, for eg gjekk tom for garn halvvegs på siste arm.

Nederst brukte eg litt restegarn etter veslebror sin køyrepose til å strikke inn ei rad med elefantar.

 

Advertisements