Det går stort sett i babystrikk om dagane. Her er ei lue til minstemann i Fin frå Du Store Alpakka. Garnet har 50% alpakka og 50% silke og er veldig mjukt og deilig. Litt vel glinsande etter min smak og eg har inga aning om kva eg skal bruke resten av dei to nøstene på. Derimot lurer eg på om eg skal handle meir av det garnet for å strikke meg eit sjal.

Advertisements