Med litt restegarn etter vesten og lua måtte det jo berre bli matchande stripete sokkar av resten.  Også dei berre på gefühlen, so det vert spanande å sjå om dei tre plagga kan brukast samtidig eller om det er heilt ulike størrelsar på alt.

Heile settet i deilig babysilk. Eit supert garn som eg definitivt kjem til å bruke mykje.

Og so mykje har eg att av den lysegrå tråden. Iskald berekning! Dei to andre nøstene er derimot berre halve, so dei må eg finne på enda noko lurt med. Har halvanna nøste med rosa også, so om nokon kunne laga ein jentebaby eg kan strikke til snart ville eg vore godt nøgd! 😉

Advertisements