Eg har forelska meg i Babysilk frå Du Store Alpakka. Det er heilt fantastisk mjukt og deilig.

Eg kjøpte 3 nøster på  Eid Miljø for ei stund sidan berre for å teste det. Fyrst strikka eg ei djevellue  og syns fargane vart heilt nydelege saman. Dermed vart eg sittande ei stund og fundere på kva eg skulle bruke resten av dei tre nøstene til.

Etter å ha søkt litt rundt etter babyplagg bestemte eg meg for å heller designe ein vest sjølv. Det kunne vel ikkje vere so vanskeleg? Det var det heller ikkje. 🙂 Eg tok alt på gefühlen og er godt nøgd med resultatet. So får vi berre håpe at den er proporsjonalt passeleg til ein liten kar.

Dei søte knappane er kjøpt på En rød tråd på Eid.

Om nokon skulle vere interessert delar eg gjerne oppskrifta. Eg vil anta at den er i str 2-4 mnd uten å ha sjekka det opp.

Eg har framleis ein god del tråd igjen på det mørkegrå og kvite nøstet, litt mindre på det lysegrå. Kva skal eg finne på med resten? Sokkar eller tøfler kanskje?

Advertisements