Etter ein tur på Husfliden i Bergen med ei ekstremt engasjert garndame bak disken hadde eg plutseleg kjøpt mønster og garn til denne køyreposen. Mønsteret er frå «boka» STRIKK til baby frå Du Store Alpakka. Den var eit herk å strikke.

Det fyrste som ergra meg halvt ihjel var at mønsteret skulle strikkast fram og tilbake(!). Å strikke mønster på vranga er på keisamheitsskalaen heilt på høgde med å feste trådar eller å rekke opp. Men etter eit par sløve morgonar på eit hotellrom i nord vart eg ferdig med det. Eg likte fargekombinasjonen veldig godt då eg holdt garna opp ved sida av kvarandre, men det vart ikkje heilt suksess som mønster. For dei som ikkje ser det(antakeleg alle andre enn Silje og Kristine Sofie) skal mønsteret forestilla alpakkaar. På biletet to som vender snuten mot kvarandre.

På «bolen» er det flettemønster og sjølv om sjølve fletteomgangen går sakte er det kjekt å strikke fletter fordi det vert fint. Her var det og noko rart i oppskrifta. Flettedelen skulle strikkast i tre delar for å kunne smette inn armar og ha ei knapperad bak. Antalet masker eg skulle telle før eg felte av og delte gjekk ikkje opp som det burde og eg turde ikkje anna enn å følge oppskrifta. (Kvifor byrja eg med det? Dei gongane eg følger oppskrift istadenfor sunn fornuft er det jo akkurat dette som skjer.. )

Baksida har knepping og på grunn av den rare delinga er ikkje knapperada heilt på midten. Det gjer ikkje so mykje, men eg syns det er litt snodig å ha knappar bak i det heile. Vil ikkje det verte klumpete og ekkelt å ligge på? Hadde eg strikka den igjen ville eg tatt kneppinga på framsida istaden. Det vil jo også vere meir praktisk når posen skal brukast.

Det var ikkje åpning til bilstol-sele i mønsteret, so det strikka eg inn sjølv. Satsar på at den er nokonlunde på rett stad. Istaden for å berre la det bli ei åpning strikka eg ein liten klaff og sydde i knappar. Kanskje det ser litt rart ut, men det får bli nytte foran estetikk akkurat der.

Posen er strikka i garnet STERK frå Du Store Alpakka og det var heilt fantastisk å strikke med. Eg kjem definitivt til å strikke noko til Theodor i det garnet. Glattstrikken vart jevn og fin heilt av seg sjølv og garnet er mjukt og deilig.

Til slutt skulle eg sy i knappar og var godt nøgd med at eg hadde ein pose liggande med 10 grå knappar. Etter ei lita opptelling viste det seg at eg trengte 21 (einogtjue!) knappar og eg måtte dermed til å bestille frå Stoff og Stil. Eg tok sjansen på at desse lyseblå skulle passe og sjølv om det kan sjå litt mykje ut har eg ikkje tenkt å gjere noko meir med det. Veslebror skal nok bli varm og god inni der uansett.

Advertisements