Lillebror i magen skal få deilig ullbukse i nydeleg nøstebarngarn. Fargen heiter vel dueblå og er fantastisk fin! Den kjem ikkje fullt like godt fram på bileta dessverre.


Oppskrifta finnast i Nøstebarn-boka og heiter Sparkebukse i strukturstrikk. I boka er buksa heilt kvit. Den er strikka i dobbel perlestrikk med vrangbord i beina, livet og rundt kanten øverst. Eg syns oppskrifta var litt rar i og med at reimene foran er mykje lenger enn dei bak utan at bakstykket vart strikka noko særleg lenger enn framstykket. Lurte litt på om eg skulle lage min eigen vri, men valgte å halde meg til oppskrifta. Satsar på at den blir bra på uansett.

Søte bamseknappar kjøpt på ein strikkebutikk i Harstad.

Tvinna snor i livet. Sjølv om det tok si tid å strikke buksa  i og med at garnet er usannsynleg tynt lurer eg på om eg må strikke matchande jakke. Den er nemleg kjempefin og har fletter på armane og foran. Kanskje lillebror må få ei slik jakke i kvit? Eller blå? Eller grå, men då passar den ikkje like godt saman med buksa lengre..

Advertisements