Eg har aldri hekla noko særleg, men fekk det for meg her ein dag at det burde eg teste ut litt. Dermed fann eg oppskrift på desse tøflene på dropsdesign.no og dei vart ferdige i ein fei. Easy-peasy! Dei er hekla i dobbelt Safirgarn og med heklenål nr 6. Eg syns oppskrifta var dårleg i og med at dei måtte syast saman midt oppå. Eg ville heller ha hekla rundt, men tenkte det var greit å følge oppskrifta fyrste gongen. Dei vart ikkje spesielt gode å ha på, maskene gav litt harde «klumpar» under foten. Kanskje det hadde vorte betre med eskimogarn som eigentleg skulle brukast..?

Oppskrift: dropsdesign.no

Garn: Safirgarn, 3 nøster

Heklenål: str 6

Advertisements