Det har ikkje vore mykje blogging på meg i det siste ser eg. Men det vil ikkje seie at eg ikkje har produsert noko, eg heng berre litt etter med oppdateringane. Her kjem dei siste «djevelluene» eg har strikka. Eg tar utgangspunkt i oppskrifta i boka Myk Start og endrar litt på den alt etter korleis det passar seg.

Denne er strikka på bestilling i Tynn Alpakka og solgt. Str 1-3 mnd.

Strikka i Sandnes Alpakka, ca str 3-6 mnd. Både denne og den over har strikka snorer. Ein artig teknikk og snorene vert veldig gode.

Gave til nydelege Maria i Stavanger. Gjorde ein liten vri og laga ein spiss på toppen. Tynn alpakka og strikka snorer her også.

Strikka i Sandnes Alpakka. På denne hekla eg ein kant rundt og hekla snorene. Størrelse ganske so stor i og med at Sandnes sin alpakka er ein god del tjukkare enn Tynn Alpakka som stemmer overens med størrelsane i oppskrifta.

Denne er også strikka i Tynn alpakka og har strikka snor. Størrelse 1-3 mnd og foreløpig utan eigar.

Eg likar godt å strikke desse luene. Dei er supre for å få brukt opp restegarn og tar lite plass i veska. Eg kan oppskrifta i hovudet og derfor vert det ofte slike luer når eg er på reise og er ferdig med eit eller anna prosjekt. I tillegg har dei super passform til små babyar. Eg brukte dei mykje på Theodor då han var baby.

Om nokon skulle vere interessert strikkar eg gjerne «djevelluer» på bestilling.

Advertisements