I år var vi for fyrste gong heime hos oss sjølv i påska og hadde ikkje ein einaste ting å pynte med.  Dermed vart det litt leiting på ravelry etter søte påskekyllingar og her er resultatet.  Dei er hekla, noko eg nesten ikkje har gjort før. Og i alle fall ikkje frå engelsk oppskrift..! Men so lenge ein er på nett er det ikkje vanskelig å finne oversetjing til norsk og forklaringar av korleis ein faktisk heklar dei ulike maskene. På grunn av at eg brukte litt tid på å skjøne den engelske oppskrifta då eg hekla den fyrste brukte eg nok dobbel so lang tid på den som på dei neste. Det vart ein kylling fyrste kvelden, to dagen etter og to dagen etter der igjen. Fort gjort!

Dei vart ikkje akkurat brukt so mykje som pynt, for Theodor syns dei var veldig kjekke å leike med. Kyllingane flaug rundt i huset heile påska og er no pakka vekk til neste påske.

Eg har funnet ei liknande oppskrift på ein pingvin som eg tenker å hekle neste gong. Og ugler. Følg med! 🙂

Advertisements