Etter at eg hadde ein selbustrikkeperiode tidlegare i år vart det vottar til Theodor av restegarnet. Dei er då strikka i Gammalserie frå Rauma, i hovudsak svart og blå, men den eine har ein litt brunsvart tupp og tommel. Det viser heldigvis ikkje betre enn at eg sikkert er den einaste som legg merke til det.

Oppskrifta fant eg i eit av votteheftene til Thuve-Stua. Syns barnevottane der såg ganske kjedelige ut, so om nokon har oppskrift på skikkelig fine barneselbuvottar tar eg gjerne imot tips!

Eg strikka dei i størrelse 5-7 år sidan eg hadde ein del tynnare garn enn det som skulle vere og då vart dei heilt perfekt passelege til Theodor på 2,5 år.

Oppskrift: «Selbuvotter» fra Thuve-Stua

Garn: 2tr Gammalserie frå Rauma

Pinnar: 2,5 mm

Advertisements