Eg er ferdig med mitt mest avanserte saum-prosjekt nokonsinne. Og det beste er at eg klarte å følge oppskrifta og finne ut av det so godt som heilt sjølv! Det heile starta med at eg og Kristine Sofie var på Eid og berre skulle ein liten tur innom den eine sybutikken der.  Ho som har butikken holdt på med ei slik mappe, og sjølv om eg hadde bestemt meg for å ikkje kjøpe noko måtte eg berre ha mønster og stoff til denne mappa. Og nokre stempel. Og.. Og.. Og.. Då vi kom ut frå butikken hadde vi til og med meldt oss på sykurs på skulen neste kveld.

Mappa er dekorert med eit bilete av mamma då ho var lita jente. Eg printa det ut og strauk det på eit stykke lyst stoff som eg sydde fast i eit mørkt stoff og dekorerte med blonder. Her fekk eg litt starthjelp på kurset. Resten av mappa fant eg ut av av meg sjølv. Eg skjønte ikkje eit kvekk då eg las igjennom mønsteret og måtte nåle fast alle saumane og vende og vri før eg turde å sy og klippe noko som helst.

Undersida av mappa har legg i hjørnene på framsida, blonder og tittekant.

På baksida er det ei stor fora lomme som eg er syns vart skikkelig fin. Der var alt flatt og greit og lett  få til. Ingen legg.

På baksida laga eg også eit par hemper slik at mappa kan brukast som veske. Dette var ikkje i oppskrifta.

Innsida har fire lommer. Det verste prosjektet var å få til glidelåsen og lukkinga på toppen. Der klarte eg å tulle det til gong på gong og det vart eit par stygge gloser, sukk og stønn. Men til slutt gjekk no det også saman på eit vis.

«Mormors mappe» går jo då sjølvsagt til Theodor si mormor og mi kjære mor.

Advertisements