Oppskrifta til denne halsen fant eg lenge før jul på Pickles.no, men eg kom meg ikkje til å få bestilt garn før eg plutseleg ein dag kom over sida deira med gratis porto fordi dei feira 2-års dag. Dei var litt utplukka i fargane og eg bestemte meg for at gråsvart passar til alle kåpene/vinterjakkene mine.  Eg kjøpte 2 nøster og skulle strikke til det ikkje var meir garn igjen. Det gadd eg ikkje, so eg gav meg vel etter halvanna. Det vart passe stort, men det hadde heller ikkje skada om eg hadde strikka den enda lenger.

Garnet er mjukt og deilig og eg lurer på kva eg skal bruke det siste halve nøstet til.. Pulsvarmarar eller eit panneband kanskje?

 

Oppskrift: pickles.no

Garn: Abuelita tjukk merino, ca 150 gram

Pinne: 9 mm

Advertisements