Her om dagen var eg på Husfliden og hadde i bakhovudet ein plan om å hekle meg ei baskerlue. Då kom eg over oppskrifta på denne strikka lua istaden. Dei hadde ein «ferdigpakke» med oppskrift og tre nøster inni. Eg kjøpar eigentleg aldri sånne pakkeløysingar, då eg har ein idé om at det er mykje dyrare berre fordi nokon har «pjåta» det saman inni ein pose. Eg prøvde meg på å få kjøpe «berre oppskrift og garn», men det einaste alternativet var å kjøpe den posen med alt inni. So då bytta eg ut garnet i den fargen eg ville ha og betalte litt sånn småsnurt. Sikkert heilt utan grunn.

Baskerlua er strikka i Alfa frå SandnesGarn og garnet kjennes heilt greit ut. Ikkje noko eg hadde funnet på å kjøpe heilt av meg sjølv, men eg satsar på at det er eit ideelt luegarn som ikkje gjer at den vert slapp og stor etter to gongars bruk. Den er strikka i halvpatent som er ein teknikk eg aldri har brukt før. Det gav eit fint resultat og var ikkje noko heksekunst i det heile.

Oppskrift: SandnesGarn; Tilbehør 0715

Garn: Alfa, 150 g

Rundpinnar: 6mm og 10mm

Advertisements