Eg har no hevet meg på lommetøffel-trenden. Fyrst hadde eg(som den fyrste i verda?) klart å misforstå oppskrifta då eg prøvde å memorere den etter å ha sjekka litt rundt på nett. Det vart eit par merkelege tøfler som vart alt for store over rista. Istadenfor å pynte med ein knapp kunne eg heller knyte «reimene» saman.

 

Etter det mislykka forsøket sjekka eg oppskrifter her og der og prøvde igjen, og denne gongen vart dei som dei skulle.

Desse strikka eg i treskogarn og med pinne nr 4. Dei vart då omlag str 39/40. Litt slappe, so neste gong blir det med tynnare garn eller pinnar.

 

Oppskrift: Søk etter «lommetøfler» på nett og du får mange resultat

Garn: Tresko frå SandnesGarn

Pinnar: 4 mm

Advertisements