Eg har lenge hatt liggande ein kvit duk med ein stor raudvinsflekk som aldri gjekk av. Og eg har mangla eit sett med passande gardiner til det eine vindauget i leiligheta vår. Vips!

Skal det bli beint er det lurt å både stryke og feste med nåler har eg erfart. Det er ekstra kjekt når ein har knappenåler med fine fargar på «hovudet».

Eg har fått låne mamma si symaskin. Den syr fint utan bråk og i rett tempo.

Ein smart dings når ein skal sy ein saum eit stykke inne på stoffet.

Ferdig gardin! Og nydeleg vintervêr ute.

I tillegg fekk eg sydd ein løpar, men den har eg ikkje fotografert.

Kjekt når unyttige ting kan brukast til noko fornuftig!

Advertisements