Eg og mamma gjekk ein tur gjennom Eidsgata ein dag tidleg i januar og då falt ho (sjølsagt) pladask for eit par kattevottar som hang til utstilling i vindauget til En Rød Tråd. Dermed kjøpte mamma mønster og satte meg på strikkejobben.

Det var anbefalt å bruke Tynn Alpakka eller Daletta frå Dalegarn. Eg tenkte då at Gammalserie frå Rauma var eit godt alternativ. Det garnet er vel kanskje hakket tynnare enn tynn alpakka. Dessutan var mønsteret på 60 masker, det same som på dei kvite og blå selbuvottane eg strikka til meg sjølv. På mine vottar vart det auka ut til tommel frå 60 m, her var det ikkje auking på tommelen. Dette burde eigentleg berre føre til at desse vart passelege til mamma som har mindre hender enn meg. Tenkte eg.

Eg fant etterkvart ut at mønsteret på baksida gjorde at eg strikka mykje strammare på desse enn eg hadde gjort på mine selbuvottar. Dermed vart dei kjempesmå! Heldigvis viste det seg at mamma ikkje berre har små, men kjempesmå hender. Piuh!

Sjølv er eg ikkje overbegeistra for kattar, men eg syns dette mønsteret verkeleg var fint laga med kattar på framsida, pote på baksida, og fiskebein på tommelen.

Om nokon har lyst å strikke desse sjølv finnast mønsteret på joridweb.com. Eg vil anbefale å bruke tjukkare garn enn Gammalserie som eg brukte. Med mindre det skal vere barnevottar då.

 

Mønster: www.joridweb.com

Garn: Gammalserie, 2 tr frå Rauma

ca 40 g svart, 40 g kvit

Pinnar: 2,5 mm

Advertisements