I kveld har eg sydd denne mappa etter oppskrift i Lise Bergene si bok Lapper stort og smått. Eg syns framgangsmåten  hennar var frykteleg dårleg beskrevet og måtte ty til ei anna oppskrift eg har brukt tidlegare for å vere sikker på at eg gjorde det på rette måten her og der. Boka er nok ikkje skrevet for nybyrjarar. Men eg tok meg god tid for å få alt rett, brukte nåler og strykejern der det var behov og vart riktig so nøgd med resultatet.

Eg likar spesielt godt måten endane vert sydd saman på. Det er eigentleg det einaste som skiljer denne mappa frå dei eg har laga tidlegare. Eg likte både utsjånaden og framgangsmåten. Lett som bare det!

Stoffet kjøpte eg på ein butikk i Mo i Rana forrige veke og syns det er heilt nydeleg! So denne mappa skal eg ha sjølv. Har ikkje bestemt meg kva den skal brukast til, men kanskje som ei lita toalettmappe eller ei stor sminkemappe. Den er fora med tynn vatt og har kvitt stoff på innsida.

Eg syns det er fryktelig dyrt med 48 kr for ca 31 cm stoff, so dette har eg brukt fornuftig og har framleis nok til enda ei mappe i samme storleik. I tillegg har eg sydd desse korgene frå samme stoffet:


Dei er heilt like og kan brukast på begge sider, alt etter som. Dei er ganske små og eg har tenkt å ha dei på badet til å ha småting i. Q-tips i den eine og hårstrikk i den andre kanskje. Oppskrifta er frå timotei og er ganske fin fordi du slepp å sy saman noko for hand til slutt.

Advertisements