I september var eg i Italia og kjøpte meg blant anna to nøster med eit utrulig mjukt og tjukt garn. I går kveld vart dei til ei lue på 1-2-3. Eg strikka med pinne nr 10 og det gjekk unna 100 gram garn i rekordfart! Ut i frå eit raskt overslag over antall masker pr 10 cm la eg opp 50 og strikka rett-vrangt til det nesten var tomt for garn. Deretter felte eg av. Den vart til og med passe stor.

Etter lua hadde eg akkurat nok garn til overs til å hekle tre blomar. Oppskrifta fant eg på dropsdesign.no.

 

Oppskrift: Frå eige hovud

Garn: Lana Gatto, Onice (100g)

Pinnar: Rundpinne str 10, 40 cm

 

 

Advertisements