Til jul fekk eg boka Selbuvotten av Terri Shea. Inni der fant eg den perfekte oppskrifta til vottar med 2tråds Gammalserie-garn frå Rauma. Eg hadde framleis nesten 5o g igjen med kvit frå dei forrige vottane eg strikka og kjøpte eit nydeleg blått nøste på Eid Miljø. Storleiken vart heilt perfekt!

Bileta er tekne med det elendege kameraet på mobilen min og gir ikkje heilt rett blåfarge. Eg syns nemleg at det blå garnet var heilt nydeleg og om eg ser vekk i frå eit par småfeil og litt ujevn strikking her og der er eg ganske so fornøgd med heile resultatet.

 

Oppskrift: Vott med rose frå boka Selbuvotten av Terri Shea

Garn: Gammalserie 2tråds frå Rauma,

50 gram blå, 50 gram kvit

Pinnar: 2,5

Advertisements