image

image

Eg har funnet den aller finaste tøfleoppskrifta. Sjå på dei søte tøflene då! Kvar tøffel er strikka i tre delar+reim og må syast saman før dei tovast. Dei fyrste eg strikka(grå med blå knapp) strikka eg med finullgarn frå Rauma, resten med safirgarn frå Sparkjøp. Det går 2,5 safirnøster til kvart par.

Oppskrifta kan kjøpast for ein liten slant på bloggen «frenchpressknits.com». Den er på engelsk, men er veldig lett å forstå om du berre lærer deg eit par gloser:
Knit=rett
Purl=vrang
St st(stockinette stitch)= eit artig ord for glattstrikk

Advertisements