I sommar strikka eg denne mariusgenser i alpakka fra Sandnes garn. Til meg sjølv. Den er heilt fantastisk deilig. God og varm, men ikkje for varm – akkurat som alpakka»ulla» skal vere. 

Fargane er grå-brun, kvit og mørk lilla. Eg strikka den med pinne nr 3,5 og 4 og det gjekk eigenteg ganske so raskt. Hadde den med meg litt rundomkring på jobb og fekk strikka litt her og der. Medan eg var på ei lenger jobbreise på sørlandet trudde eg at eg skulle få den ferdig, men plutseleg klarte eg å gå heilt tom for den gråbrune tråden! Ingenting er værre enn å vere so nær målet og ikkje ha sjangs til å fullføre. På den lokale garnbutikken hadde dei sjølvsagt ikkje riktig fargeparti, so eg var nødt å vente til eg kom heim til Langevåg for å få gjort den ferdig to veker etterpå. Og sjølvsagt var det min eigen feil. Eg hadde jo strikka bolen lenger utan å ha tenkt på at det kunne få konsekvensar for garnforbruket.. 

Lagt inn av Kathrine kl. lørdag, oktober 30, 2010
Advertisements